Vi hjelper deg bygge gode tenester og merkevarer! Med målretta strategi, solide konsept og tydeleg design sørger vi for at du når måla dine.

Panel 1

Om Primus motor

Primus motor er eit design- og merkevarebyrå lokalisert i Sunnfjord i Vestland. Vi kan mellom anna hjelpe deg med merkevarerådgjeving, design, strategi, konseptutvikling, logo- og identitetsutvikling, samt prosjektleiing og oppfølging av store og små prosjekt. Vi jobber med kunder over heile landet, og har gode samarbeidspartnere. Kontakt oss for å høyre kva vi kan gjere for deg!

Panel 2

Våre tenester

MERKEVAREbygging

Vi kan bistå gjennom heile prosessen, frå strategisk rådgjeving og konseptutvikling – til visuell utforming.

STRATEGISK RÅDGJEVING

Vi hjelper deg med rådgjeving. Korleis utvikle ei god merkevare eller brukarvennleg teneste? Kva må til for å utvikle eit godt konsept? Korleis lykkast med produktet ditt? Korleis skape ein attraktiv destinasjon? Og ikkje minst: korleis sørge for at ein utvikler merkevarer som leverer best mogeleg i kanalar som kan vere særs forskjellige?

DESIGN & VISUELL KOMMUNIKASJON

Godt design kan leve lenge, og hjelper deg nå måla dine. Vi kan bistå med alt innan grafisk design og profilering, samt retail- og pakningsdesign. Vi sørger for at tenesta eller merkevara di kommuniserer godt uavhengig av format og plattform.

Logo og identitet

Navnetrekket ditt er bedrifta eller merkevara sitt ansikt utad. Det er viktig at ein logo er solid, tydeleg og tidlaus, og at den eksisterer saman med eit øvrig identitetsspråk som er heilskapleg utforma.

KUNDEREISEN

Kundereisen er ikkje ei reise, men mange små. Det er alle dei utallige kontaktpunkta kundar har med tenesta eller produktet ditt. Det er den fysiske lokasjonen din, nettsida di, telefonen til kundeservice eller annonseringa du gjennomfører i eksterne kanalar. Det er viktig at merkevara di leverer på alle desse kontaktpunkta, og fleire. Og du; kundereisa er ikkje over når nokon kjøper vara eller tenesta di. Opplevinga kundar har etter at kjøpet er gjennomført kan ha like mykje å seie for framtidig salg som marknadsføringa di.

TjENESTEDESIGN

Tjenestedesign handler om å forstå mennesket sitt faktiske behov, og sette brukaren i sentrum. Ein jobber systematisk for å kartlegge brukaropplevinger, system og funksjoner. Ved hjelp av tjenestedesign legg ein til rette for gode kundereiser. Dette er viktig for å sikre glade og tilfredse kunder – noko som vil reflektere tilbake på di måloppnåing.

PROSJEKT- OG TEAMLEIING

Design- og utviklingsprosesser kan framstå lange og uoversiktlege. Det er mange valg som skal takast, element som skal på plass og underleverandører som skal følgjast opp. Av og til består ein leveranse av samansette team frå ulike disipliner. Vi har lang erfaring innan dette segmentet, og kan bistå med prosjekt- og teamleiing. Vi sørger for at strategi, konsept og merkevareidentitet blir gjennomført fra start til slutt.

Panel 3

Kontakt

PRIMUS MOTOR

Ellen Katrine Kristensen / strategisk rådgjevar og designer / ellen@primusmotor.no  /  +47 94 27 94 90

Panel 4 Placeholder